Alle prosjekta ligg på sørsida av Selbusjøen.

Dette melder NVE på egne hjemmesider.

Tangvella kraftverk med overføring av Hornåa er avslått grunna stor konflikt med naturverdiar. I både Tangvella og Hornåa er det bekkeløfter av B-verdi. I elva Tangvella fins det i tillegg ei fossesprutsone av A-verdi. Det er registrert 10 raudlista artar i Tangvella, mellom anna den svært fuktkrevjande arten Fossefiltlav som er sterkt truga.

Ei utbygging i eit slik verdfullt naturområde strir med retningslinjene for små vasskraftverk frå Olje- og energidepartementet. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev ikkje løyve til Tangvella kraftverk.