Debattinnlegg skrevet av Lars Moa, tidl. mangeårig styreleiar i Ole Vig-fondet.

Neste år er det 200 år sidan Ole Vig vart fødd på husmannsplassen Vikmarka  i Stjørdal. Han gjorde ei fantastisk livsreise i løpet av dei knappe 34 åra han levde, og han vart ein av dei viktigaste nasjonsbyggarane i norsk historie.

Men det er ein spesiell grunn til at eg går til tastaturet og skriv dette lesarbrevet no. Ole Vig er jo æra på mange vis her i Stjørdal med både Ole Vigs gate, Ole Vig vidaregåande skole, Ole Vig-statuen «Såmannen» på Ole Vigs plass, UL Ole Vig, Losje Ole Vig, og Ole Vig-prisen. Både på Ole Vigs plass og ved bautaen i Vikmarka står det gode opplysningstavler om Ole Vig. Men det mest praktfulle minnesmerket over han, er Ole Vig-bautaen som står der heimen hans stod; i Vikmarka.

Dette minnesmerket er dessverre umogleg å finne for folk som kjem nord- eller sørfrå på E6. Vegen utover til Vikan tar av ved Kvithamar. Før krysset står det tre stadnamn på opplysingsskilta både i nord- og sørgåande felt: Okkelberg, Auran og Vikan. Her burde det sjølvsagt også ha stått ein ting til, helst på brunt attraksjonsskilt, nemleg Ole Vig-bautaen.

Det er Statens vegvesen som er ansvarleg for skilting langs riksvegar. Og eg har høyrt sagt at vegvesenet er svært vanskelege å ha med å gjere når det gjeld å få sette opp slike opplysningsskilt. Eg synest det burde vere i vegvesenet si interesse å opplyse så godt som mogleg om stader, verksemder og attraksjonar langs vegane i landet vårt. Eg utfordrar vår fremste ombodsperson, nemleg ordføraren, til å ta opp med vegvesenet ønsket om å få skilta vegen til Ole Vig-bautaen frå E6 ved Kvithamar.

Ved Kvislabakken skole tar vegen til Ole Vig-bautaen av mot vest. Her står det skilt med teksten «Bauta». Her burde det etter mi meining ha stått «Ole Vig-bautaen». Ute ved Vikan er det skilta mønstergyldig med «Ole Vig-bautaen». Men skilt manglar der vegen deler seg i to ved garden Austre Vikan. Og oppe ved parkeringsplassen ved Nylænnet har skiltet oppover traktorvegen som fører oppover til bautaen vorte borte. Ved parkeringsplassen står det ingen ting om at dette er plassen å parkere på viss ein skal besøke Ole Vig-bautaen. Men det har iallfall komme opp eit P-skilt der. Og så er det eit skilt som opplyser om parkeringsavgift, noko som er relativt nytt. Eg bed om at kommunen vurderer å få i stand ein avtale med avgiftskrevjaren med tilbod om at kommunen betaler ein sum i året slik at parkeringa kan halde fram med å vere gratis for folk som vil besøke Ole Vig-bautaen.

På den same stolpen står det også eit forseggjort skilt med teksten: «Allt kommer att bli bra». Det har vorte meg fortalt at dette er eit kunstverk av ein svensk kunstnar. Og kunst har eg stor respekt for. Men kanskje kunstverket kunne ha fått sin eigen stolpe, og med opplysning om verk og kunstnar?

Altså, ordførar! Tar du utfordringa mi og sørger for at det blir mogleg å finne fram til Ole Vig-bautaen i god tid før det store 200-års-jubileet i 2024?

Med helsing

Lars Moa,

tidl. mangeårig styreleiar i Ole Vig-fondet.