Debattinnlegg skrevet av Lars Moa, Rødt Stjørdal.

Leiaren i Naturvernforbundet i Stjørdal og Meråker, Anne Marit Ligaard, har i StjørdalsNytt eit glimrande lesarbrev med overskrifta «Hvordan skal Stjørdal kommune oppfylle sin rolle som foregangskommune for klima og miljø?»

Det at Stjørdal kommune allereie har vedtatt eit mål om å vere ein føregangskommune for klima og miljø, og også har vedtatt ein eigen kommunedelplan for naturmangfald, gir oss eit godt utgangspunkt for å drive det konkrete arbeidet for å nå målet.

Eitt av hovudpunkta i programmet til Raudt Stjørdal heiter Miljø, klima og næring. Eg siterer heile punktet (omsett til nynorsk av meg for å auke nynorskprosenten litt i Raudt Stjørdal):

«Auka forbruk og kapitalistisk profittjag er i ferd med å øydelegge jorda. Menneskeskapt klimaendring og utrydding av levande vesen truar framtida vår. Vi må derfor redusere utslepp av klimagassar og nedbygging av landareal til eit minimum.

Kommunen har erklært klimakrise, og det forpliktar. Vi kan ikkje vente på ein teknologisk vedunderkur eller håpe på at framtidig vekst i økonomien blir «grøn». Energibruken må ned og vi må slutte å sjå på økonomisk vekst som ein naturlov. Vi må også vere bevisste på at miljø, artsmangfald og klima ikkje er lausrive frå kvarandre, men heng uløyseleg saman.

Raudt Stjørdal vil arbeide for:

At all kommunal verksemd skal sette omsynet til miljø, klima og arbeidstakarrettar i først rekke.

Å legge til rette for industri og anna næring som bidreg til å gjere oss uavhengige av oljen.

Eit godt lokalt kollektivtilbod.

Eit sentrum som ikkje er dominert av biltrafikk og parkeringsplassar.

Å stoppe nedbygginga av landbruksareal og artsrik natur. Jordvern skal alltid ha førsteprioritet.

At kommunen legg til rette for sjøfugl og andre artar som blir trua av menneskeleg aktivitet i dei naturlege habitata sine.

At trea, dei grøne lungene i sentrum og det grøne beltet lags strandlina skal takast vare på.

At det viktige naturområdet Frigården må vernast mot all vidare utbygging.

Aktivt eigarskap i NTE med føremål om å effektivisere eksisterande vasskraft.

Nei til vindturbinar.»

Altså; ei stemme til Raudt er ei stemme til miljøet.

Godt val!

Lars Moa,

7. plass på lista til Raudt Stjørdal.