I fjor ga ho ut romanen Støvberar. Den fortel ho om.

I boka dreg Ingeborg til India for å arbeide som jordmor hos santalfolket. Eit folk som vert grovt utnytta i steinindustrien. Romanen handlar om livet hennar frå ho vart frelst i ungdomen, og i åra på misjonsstasjonen. Med kamp for å hjelpe, og i kamp for seg sjølv og trua. Kan hende kjempar ho aldri nok? For vert det meir himmel på jord av å drive misjon? Må ein sjøl vere god for å gjete det gode?

Forfattaren vil lese utdrag frå romanen i Kimen, og fortelje om grunnlagsarbeidet og skrivinga.

Bur i Verdal

Ingrid Storholmen vart fødd i 1976 i Verdal kor ho framleis bur.

Ho skiftar mellom å skrive nynorsk og bokmål, og debuterte i 2001 med diktsamlinga Krypskyttarloven. Så kom diktsamlinga Skamtalen, Gracela (2005), Siriboka (2007), og Til kjærlighetens pris (2011).

Nominert til fleire prisar

Tsjernobylfortellingar som ho ga ut i 2009 dramatiserte ho for Nord-Trøndelag Teater. Boka vart gitt ut på fleire språk, og nominert til fleire litteraturprisar. I 2012 kom barneboka Mora som glemte at det var kveld. I 2014 kom romanen Her lå Tirpitz om slagskipet som i 1942 låg i Fættenfjorden.

Møtet med Ingrid Storholmen er eit samarbeide mellom mållaget og biblioteket.