Invitasjonen til Kimen laurdag 9. januar kjem frå Stjørdal Mållag og Stjørdal Bibliotek. Endeleg vert det ein litteraturkveld igjen. Det vert eit spanande møte med forfattaren Kjartan Fløgstad i Vektersalen. Veteranen mellom norske forfattarar vart fødd i Sauda i 1944.

I ein kort periode studerte Fløgstad arkitektur ved NTH i Trondheim. Men  han skifta over til litteratur og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har vore industriarbeidar i heimbyen Sauda og sjømann på eit lasteskip som segla mest på Sør-Amerika.

Bok nummer ein i 1968

Forfattardebuten kom med diktsamlinga Valfart i 1968 og omfattar lyrikk, noveller, ei lang rekke romanar, krimromanar, essaysamlingar og ulike former for sakprosa, i alt om lag 50 bøker.

Det er tre år sidan Fløgstad besøkte Stjørdal.

Denne gongen skal han ta for seg dei fem seinaste bøkene sine under overskrifta «Litteratur i krigen – Krig i litteraturen».

Kva står att?

I desse bøkene har han stilt spørsmålet om kva som står att frå det han kallar Arbeidarklassens hundreår.

Svara har han gitt i form av essay om det høge og låge i kulturen, som i boka Etter i saumane frå 2016. Trans-Sovjet ekspress(2017) er ei reiseskildring gjennom ruinane som står att etter Sovjet-kommunismen.

Gjennom heile forfattarskapen har Fløgstad skrive songtekstar som er tonesette av mange komponistar og gjengjeve i Sandharpesongar (2018). Romanen Due og drone (2019) handlar både om det korte hundreåret 1914-1991 og den nye kalde krigen i våre dagar, medan På æren løs frå 2020 er ei historisk undersøking av kva norske forfattarar sto for under og etter den andre verdskrigen.